• David Storoy

Strøm, Europeisk Samarbeid og Det Grønne Skiftet

Oppdatert: 31. des. 2021


Jeg har skrevet en 39 siders lang artikkel om emnet Strøm, Europeisk samarbeid og det grønne skiftet. Denne bloggen vil bare vise små bruddstykker inkludert innledning, avslutning, kilder og andre viktige emner å nevne. Her er artikkelen i pdf.format på 39 sider. Smakebiter fra den 39 siders lange artikkelen: Innledning

I denne bloggen/artikkelen vil det være refleksjoner og tanker om strømpriser, europeisk samarbeid og det grønne skiftet. Jeg vil vise til en del kilder, som jeg synes er nyttig å ha med og avsluttende dialog og kommentarer.


Emnet strømpriser har vært en av de mest sentrale debattsemnene i Norge de siste månedene og berører alle på ulike måter. Det har vært mye synsing og uklar info om hva egentlig ACERs rolle er og det har også vært en syndebukk i strømpris-debatten. Jeg viser til mer nyansert og balansert info og kunnskap om ACER og viktigheten av europeisk samarbeid også innenfor emnet strøm. Det er veldig viktig med tanke på det grønne skiftet, vi alle erfarer nå i Norge og andre steder i Europa og verden.


Det er så mange viktige faktorer, som spiller inn under emnet strøm og strømpriser at jeg valgte å inkludere dette med europeisk samarbeid og det grønne skiftet. Alt her henger sammen. Jeg har lave strømregninger siden jeg er vant til å spare mye strøm pga jeg bruker ikke tørketrommel, dusjer ca 3 ganger i uka og rasjonerer ellers fornuftig. Jeg har lært av utenlandsturer til India og Spania blant annet hvor man må rasjonere på vann og strøm.


Jeg synes vi har hatt kunstige lave strømregninger her i Norge i forhold til utlandet. Det var uunngåelig at vi også skulle få høyere strømpriser og vi må også tenke langsiktig. Det vil bli mindre og mindre etterspørsel av olje og gass. Det vil bli mer etterspørsel av vindkraft og andre fornybare energikilder slik at europeisk samarbeid er veldig viktig for overgang til mer grønt skifte, som hele Europa jobber for de neste tiårene.


Jeg mener Norge er forpliktet til å dele våre ressurser med nordiske land og resten av europa. Det er også naturlig å gjøre det. Vi kan ikke tro at vi skal bare ha energi og kraft for oss selv her. Den type kraftnasjonalisme eller molbo-holdning går ikke i det lange løp. Europeisk samarbeid er viktig på alle plan som forsvar, korona/helse, politisk, energi og strøm osv.

Norge og andre land kan regulere strømpriser nasjonalt og vi har fortsatt lavest strømpris i hele europa enda sammen med Danmark.


Vi bør være mer takknemlig fordi alt i livet er ikke gratis. Alt er til låns og vi eier egentlig ikke noe når vi gransker dypere. Å dele, utveksle, bidra og samarbeide er naturlig del av livet. En sunn, god og passende holdning til å møte utfordringer, som blant annet energi og strøm. Og ta vare på denne levende planeten og være mer bevisst på hvor intelligent alt er satt opp her i verden.


Øyvind Strømmen (1) har jeg bevisst brukt som en viktig kilde her i denne bloggen, fordi han virker å ha mye solid balansert kunnskap om Acer og strøm. Øyvind Strømmen (født 1980) er en norsk politiker, journalist, oversetter og forfatter. De siste år har han kartlagt de kontrajihadistiske og høyreekstreme miljøer på internett. Strømmen har i en årrekke vært landsstyremedlem og listekandidat ved valg for Miljøpartiet De Grønne. I 2011 ble han kåret til Årets frilanser av Frilansjournalistene i Norsk Journalistlag. I november 2011 utga han boka Det mørke nettet – om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa og har også skrevet boka Giftpillen – om konspirasjonsteorienes ødeleggende kraft i 2021.

Strømmen er varamedlem i sentralstyret til Europabevegelsen. Han skriver dette om emnet Acer og strømpriser: Når Acer får skulda for straumprisane er det faktisk grunn til uro (1)

Debattar om straumprisar synleggjer at reine skrøner diverre også gjer seg gjeldande i norsk politisk debatt.

Ok, me unngår stort sett ville konspirasjonsteoriar her til lands, ein heldig konsekvens at me har mykje tillit til kvarandre og ein heil del tillit til politikarar her til lands. Det er nok ganske få her til lands som mistenker at Erna Solberg eller Jonas Gahr Støre eller kanskje begge to deltek i hemmelege, sataniske rituale i kjellaren til ei eller anna pizzasjappe i Oslo, for å ta eit langt frå tenkt eksempel frå amerikansk konspirasjonskultur.

Men når eg i kommentarfelt les - gong på gong på gong - at den norske ACER-medlemskapen er skulda i straumprisane, og når dette også kjem frå høgst oppegåande folk, ja, då er det faktisk grunn til uro.

Kvifor meiner eg det?

Det avgjerande for straumprisar er - som for det meste anna - to ting. Det eine er tilbod. Det andre er etterspurnad. Dersom tilbodet vert mindre, til dømes grunna mindre regnvatn til norske vassmagasin, eller grunna lite vind til danske vindturbinar, så påverkar det pris. Når etterspurnaden går opp, til dømes fordi det er kaldt, ja, så påverkar det pris.

Når energimarknaden endrar seg, til dømes grunna omstilling frå fossile brensler til fornybar energi, vil det påverka både tilbod og etterspurnad. Når Tyskland faser ut atomkraftverk, vil det også påverka tilbodet. Og om me brukar straum frå land til å elektrifisera sokkel, påverkar det sjølvsagt etterspurnaden.

Prisen vert også påverka at kor stor marknaden er. Difor påverkar sjølvsagt utanlandskablar prisen. Dei gjer marknaden større. Ofte (men langt frå alltid) vil dette gjera norske straumprisar høgare, sidan prisen ofte er høgare i eksportmarknadene enn dei har vore her heime.

Den kraftnasjonalismen enkelte tek til orde for vil på si side ha ein annan effekt: me vil måtta byggja ut meir kraft for å sikra eigen forsyningstryggleik.

ACER er på si side eit byrå for samarbeid mellom energiregulatorar, altså NVE og gjengen. Poenget med dette byrået er å harmonisera regelverk, å syta for felles standardar, og å syta for eit felles rammeverk rundt grenseoverskridande energiinfrastruktur, både når det gjeld elektrisitet og når det gjeld gass.

Det er ikkje ACER som avgjer kva me byggjer ut av kraftverk i Noreg. Det er ikkje ACER som avgjer kva me byggjer ut av utanlandskablar (slike har me for øvrig hatt i mange tiår). Deltakinga i ACER er ikkje eit "sal av arvesølvet". Det er heller ikkje rare suvereniteten ein gjer vekk gjennom å vera med på samarbeidet. Dersom det vert bygd nye utenlandskablar i åra som kjem, vil det vera eit resultat av vedtak gjort i Noreg.

Og om du vil, finst møtereferata til ACER opent tilgjengeleg på nettet, du kan gå inn og lesa dei sjølv, og du vil oppdaga at det dei driv med er relativt teknisk og kjedeleg nok til at referata er betre eigna som sovemedisin enn til å skremma Fanden på flatmark.

Og likevel er det ein heil del folk som vil fortelja deg at det er ein gjeng energibyråkratar i Ljubljana som gjev deg høge straumprisar. Det er ei skrøne. Men det er også verre enn som så: Det er ei komplett avsporing frå dei debattane me -burde- føra. Når debatten dreier seg om ACER, er det ein del den ikkje dreier seg om:

- Den dreier seg ikkje om konsekvensane av høge straumprisar, konsekvensar som ikkje akkurat fordeler seg likt mellom folk med god og dårleg råd.

- Den dreier seg ikkje om kva me bør gjera av akutte tiltak, for å syta for at folk som slit økonomisk ikkje blir sterkt skadelidande av høge straumprisar.

- Den dreier seg ikkje om korleis me kan leggja til rette for at folk, også folk med dårleg råd, kan spara straum.

- Den dreier seg ikkje om verken akutte eller langsiktige tiltak for å unngå at høge straumprisar gjer norsk næringsliv meir sårbart eller mindre lønsamt.

- Og den dreier seg heller ikkje om korleis ein på europeisk nivå skal sikra seg tilstrekkeleg tilgang på balansekraft gjennom eit grønt skifte.

Istadenfor måler ein opp eit bilete av ein slags fiende utanfor. Det biletet eignar seg kanskje til å selja politisk populisme, men ein bør helst vera varsam med å mana fram slike bilete likevel.

Misforstå meg ikkje: Det kan vera gode grunnar til å diskutera korleis straummarknaden bør regulerast, eller til å diskutera både elavgifter og meirverdiavgift. Eit toprissystem på straum er ein god idé, men ein idé som i ein degulert marknad har vore vanskeleg å omsetja i praksis. Det bør ein sjå på på nytt.

Det kan også vera gode grunnar til å diskutera om det er klokt med fleire utanlandskablar.

Det er ein heilt ordinær og høgst rimeleg politisk debatt, der det finst ulike syn, og der ulike interesser og prioriteringar må setjast opp mot kvarandre, og vegast opp mot kvarandre. Eg har mine meiningar om det, du har kanskje andre, og den usemja kan me ha heilt utan å skulda kvarandre for verken dumskap eller vondskap.

Men når åtak på ACER vert kombinert med anklager om at norske politikarar fer med svik, gjerne i tenesta til globalistiske elitar, og at dei gjev katten i vanlege nordmenn, ja, så er det på tide å reagera. Og dei som kjem med slike anklager fer ikkje berre med skrøner, dei fer med skrøner som kan riva sund nettopp tillit. Då bør alarmklokkene kima.

Øyvind nevner også dette i VG meninger (1) om artikkel med samme navn: «Alle snakker om strømprisen. Hva gjør EUs energiunion og ACER med den?», spør Nei til EU-utgreiar og jurist Morten Harper i ein nyleg kronikk i Klassekampen. Han svarer eigentleg ikkje på det spørsmålet. Det er synd, for svaret kunne kanskje ha vore av interesse.

Også i Europa er dei høge prisane på kraft (og på gass) gjenstand for betydeleg diskusjon for tida, og ACER har gjeve konkrete råd om tiltak som kan treffast: «Når skattar og avgifter utgjer ein betydeleg del av europeiske hushaldningar si straumrekning, kan det vera klokt å vurdera reduksjonar i eller målretta fritak frå skattar og avgifter», heiter det i ei vurdering gjort av ACER i oktober. Der vart det også framheva at eit anna alternativ er «å vedta sosialpolitiske tiltak utanfor energiområdet, til dømes målretta økonomiske overføringar».

Europakommisjonen har også laga ei verktøykasse av tiltak medlemslanda kan setja i verk for å dempa verknaden av dei høge prisane. Fleire EU-land har teke i bruk ulike tiltak, tiltak som er meir slagkraftige enn dei ein førebels har teke i bruk i Noreg, og det sjølv om Noreg som nasjon faktisk håvar inn på høge gassprisar og også får ekstrainntekter som resultat av høge straumprisar, medan tala i ein del andre land er meir gjennomført raude.

Eit mogeleg tiltak ville vera å betala ut til kvar og ein av oss den auka grunnrenteskatten staten tek imot frå straumselskapa grunna høgare straumpris, eit slags «kraftoverskot til fordeling». Det ville verka no. Og det ville også ha ein viss omfordelande effekt.

Men medan Nei til EUs mann ikkje svarer på spørsmålet i overskrifta, er han i det minste ærleg om det han kallar eit «banalt poeng»: ACER styrer ikkje straumprisar. Det er det marknaden som gjer. Det kan vera verdt å repetera andre ting ACER ikkje styrer: konsesjonar til nye vasskraftverk, konsesjonar til andre energianlegg, til dømes vindkraft, spørsmål om utbygging av nye nettanlegg, spørsmål om utbygging av nye utanlandskablar. Kven avgjer slikt i Noreg? Norske myndigheiter. Norske politikarar.

ACER styrer heller ikkje over dei høge gassprisane som for tida skyv europeiske straumprisar opp, og dei styrer definitivt ikkje vêret, som ein kvar vestlending vil vita at påverkar kor mykje oppmagasinert vatn det er i demningane våre.

Dei pågåande diskusjonane om straumprisar koker sjølvsagt ikkje ned til ein diskusjon om ACER, heller ikkje når det er ei busemannutgåve me får presentert av EU-byrået. For nei-rørsla og delar av norsk venstreside koker det tilsynelatande i staden for ned til tre ting.

For det fyrste: motstand mot ein tettare integrert kraftmarknad i Europa. Denne kraftnasjonalismen er ei ærleg sak, sjølvsagt, men representerer ei utfordring når me saman skal nå viktige klimamål, og i sine verste utgåver også ei utfordring mot norsk forsyningstryggleik. Som Norsk Industri seier det: «Uten [utenlands]kabler ville vi måttet overinvestere i produksjonskapasitet og magasiner, og vi ville i de aller fleste år hatt mye spill […]. Dette ville ført til unødvendige naturinngrep og vært dyrere for aktørene.»

For det andre: eit ynskje om gå attende til ein situasjon som liknar meir den ein hadde før 1990, då kraftmarknaden var så gjennomregulert at den knappast kunne kallast ein marknad. For det tredje: motstand mot EØS-avtala.

Men den motstanden sel sjølvsagt langt dårlegare enn det å måla Fanden på veggen i form av kryptiske, europeiske bokstavkombinasjonar. Det er breitt fleirtal for EØS-avtala, både i folket og på Stortinget. Noko av grunnen til det er nok at folk flest både ser fordelane dei sjølv har og dei fordelane norsk næringsliv har av EØS.

Det sørgjelege er likevel at både nei-rørsla og delar av norsk venstreside no, i møte med ei europeisk energikrise, er mest opptekne av å diskutera ting som har lite med krisa å gjera. Det er ikkje ACER eller tredje energimarknadspakke som har gjeve oss høge straumprisar.

Det me burde diskutera er kva me burde gjera av akutte tiltak, for å syta for at folk som slit økonomisk ikkje blir sterkt skadelidande av høge straumprisar. Der har både ACER og EU-kommisjonen faktisk nyttige forslag.

Me burde også diskutera korleis me kan legga til rette for at folk, også folk med dårleg råd, kan spara energi utan at det går utover livskvaliteten deira. Me burde snakka om kva akutte og langsiktige tiltak me kan gjera for å unngå at høge straumprisar gjer norsk næringsliv meir sårbart eller mindre lønsamt. Og me kunne med fordel ha snakka om korleis me på europeisk nivå skal sikra tilstrekkeleg tilgang på balansekraft gjennom eit grønt skifte.

Slike ting vert diskutert i Europa. Dei diskusjonane burde me ha meir av. Men ikkje minst: I staden for ein EØS-debatt i forkledning, burde me ha ein debatt om tiltak som kan treffast her heime.

(bildet viser alle utenlandskabler pr dags dato vi har i Norge) Øyvind om utenlandskabler og andre elementer som er viktig å nevne med tanke på ACER:

Som Norsk Industri seier det i ein rapport frå 2019:

"Kablene har gitt økt leveringssikkerhet. Uten kabler ville vi måttet overinvestere i produksjonskapasitet og magasiner, og vi ville i de aller fleste år hatt mye spill (vann som renner over).


Dette ville ført til unødvendige naturinngrep og vært dyrere for aktørene.

Kabler er fordel for industrien. Kablene under bygging til Tyskland og Storbritannia bidrar til forsyningssikkerhet og legger til rette for ny kraftutbygging til fordel for industrien, slik ivaretas balansert utvikling."


Det er fordelane. Noreg er ein del av ein større marknad, heldigvis.

I tillegg er ein kraftmarknad med betre samband viktig for å kunna gjennomføra skiftet vekk frå fossil energi på ein best mogleg måte i Europa. Kraftnasjonalisme er definitivt -ikkje- svaret i møtet med overnasjonale utfordringar. Det eg fyrst og fremst seier, er at det er -feil- å skulda ACER for høge straumprisar. Så har eg også sagt at prisane -er- påverka av utanlandssamband (men at eg meiner det var riktig å byggja desse).

Når det gjeld spørsmåla du elles stiller, opplever eg eigentleg ikkje at det er så vanskeleg å finna svar frå folk som har meir peiling enn meg, men lat gå:

"Betyr det at vi kan gå inn for å regulere kraftproduksjonen slik vi vil, følgelig også begrense eksport?".

Kraftproduksjonen i Noreg er jo i betydeleg grad vasskraft, og den er høgst regulerbar.

Når det gjeld den kraften som faktisk blir produsert er det du spør om regulert etter ei forskrift under Energilova (Forskrift om vilkår for tilgang til nett for utveksling av elektrisk kraft over landegrensene), som også stemmer overeins med tilsvarande regelverk i EU (EF 714/2009).

Statnett (systemoperatøren) pliktar å syta for at kapasiteten i nettet vert gjort tilgjengeleg for grensekryssande handel, samstundes som det skal takast omsyn til grensene for sikker nettdrift. Dei kan berre redusera overføringskapasitet dersom det er naudsynt til driftstryggleik og er meir effektivt enn å benytta andre avbøtande tiltak i systemdrifta.

Dette heng saman med EØS-avtala. Det er ikkje slik at Noreg har "meldt seg inn i ACER", eller liknande, som om det var ei eiga avtale utanom. Deltakinga der er eit resultat av at me har slutta oss til tredje energimarknadspakke som ein del av EØS. Alternativet ville vera anten å gå ut av EØS eller å bruka reservasjonsretten mot tredje energimarknadspakke. Det er grunnen til at eg annanstad har skrive at ACER blir brukt som ein slags busemann i ein debatt som eigentleg handlar om EØS.

Lat meg leggja til noko anna, som også olje- og energiministeren har påpeikt: at einsidige norske tiltak fort vil møta tilsvarande frå andre land.

"Videre, er ikke poenget med ACER å harmonisere regelverkene for kraftproduksjon og utveksling av kraft, med sikte på et så fritt marked som mulig? Er ikke et fritt og samlet strømmarked en av målsetningene med acer-samarbeidet?"

ACER skal leggja til rette for handel med kraft og gass over landegrensene i Europa, og skal i den samband ha ei rådgjevande rolle, gje fråsegner og tilrådingar, overvaka og rapportera om marknadane for elektrisitet og naturgass. Eg vil råda til å lesa dei uttalene dei har kome med i samband med høge kraft- og gassprisar no:

https://extranet.acer.europa.eu/.../ACER's%20Preliminary...

Eg vil forsåvidt også råda til å sjå på kva dei elles syslar med. Det er ofte ganske tekniske greier, og lite eigna til å skremma Fanden på flatmark.

Men ja, det er eit europeisk mål å ha ein tettare integrert straummarknad, ja. Er det "et så fritt marked som mulig"? Tja. Straummarknaden er og vil nok vera prega av regulering.

Eg meiner det europeiske målet er av det gode, men det er no uansett ikkje slik at ACER styrer over norsk kraftpolitikk. Det er heller ikkje slik at dei kan pålegga oss å byggja ut nye utanlandsforbindelsar. Dei kan heller ikkje råda over oss gjennom såkalla prioriterte fellesprosjekt (som ikkje blir det utan å ha kome på ei regional liste, med godkjenning frå dei aktuelle landa, fyrst) eller gjennom krav til disponering av flaskehalsinntekter.

"Hvor står du med tanke på hvorvidt Norge bør regulere kraftproduksjonen vår med hovedvekt på å sikre at produksjonen gjøres for å sikre uavhengighet?"

Eg meiner Noreg er mest tent med å vera ein del av ein felles marknad, ikkje minst for forsyningstryggleiken sin del. Det er grunn til å minna om at Noreg også importerer kraft, sjølv om me har nettoeksport. Eg meiner også at ein felles marknad er naudsynt og riktig for å kunna gjennomføra skiftet vekk frå fossil energi på europeisk nivå.

Øyvind Strømmen og reaksjoner i STOPP ACER-gruppa og tilbakemelding: Eg registrerer at Morten Harper i Nei til EU i ein tekst i Nettavisen meiner at det er både kunnskapslaust og frekt av meg å "stemple ACER-motstanden som konspirasjonsteori".

Det er eigentleg ganske avslørande, for denne framstillinga av kva eg har skrive er akkurat like gjennomført tendensiøs som NtEU si framstilling av ACER.

Eg har ikkje kome med ei slik stempling. Eg har derimot skrive det følgande: "Debattar om straumprisar synleggjer at reine skrøner diverre også gjer seg gjeldande i norsk politisk debatt". Så, la eg til at me stort sett unngår ville konspirasjonsteoriar her til lands, men at det er grunn til uro når ein gong på gong kan lesa at den norske ACER-medlemskapen er skulda i straumprisane.

Kva er fakta? Straumprisane er no høge grunna ei sterk auke i gasspris; av auka karbonpris, av auka pris på kol og av lav produksjon frå vind- og vasskraft i fleire europeiske land. I norsk samanhang er dei sjølvsagt også påverka av vårt tilhøyre til ein fellesnordisk straummarknad og av nye utanlandskablar til Storbritannia og Tyskland. ACER styrer ikkje prisane på gass eller kol, og set for den del heller ikkje karbonprisen. Dei kontrollerer ikkje været. Og både gamle og nye utanlandskablar i Noreg er bygd som eit resultat av norske politiske vedtak, vedtak fatta før me i det heile hadde godkjent tredje energimarknadspakke.

Men lat oss sjå vekk frå det, og lat oss ta ein nærare titt på det som gjer meg uroleg.

For nokre dagar sidan vart det posta ein artikkel på facebookgruppa Stopp ACER med bilete av Espen Barth Eide og Marte Mjøs Persen.

Eg skal sitera frå kommentarfeltet under: "Landets 2 sleipaste andlet", "En jævla drittsekk", "Barth er partiløs og tenker bare på å ta penger ut av den Norske pengekassen, [...] Norges største pengespiser", "Skulle vært kjeppjaga begge to", "Landsvik", "2 KOMPLETT UDUGELIGE MENNESKER", "De burde stilles for riksrett", "2 skikkelige suppehuer", "To av politiker mafiaene sitter smilende og gåtter seg over slaktingen av sitt eget folk", "Vi må få til bake Gapestokken?? Disse to hører vel hjemme der?", "Grusomme", "Tror det er på tide å finne frem gapstokken og sette noen politikere i den", "eier in[ge]n empati eller fø[l]elser for folk flest!!!!".

Det er ikkje enkeltdøme dette. Det er den gjennomgåande tonen i heile tråden.

Dette er ikkje konspirasjonsteoriar. Sidan eg representerer eit parti som ofte er usamd med både Barth Eide og Persen, tillet eg meg likevel å påpeika kva det er: Det er ein grunnleggjande politikarforakt, prega av å tilskriva politiske motstandarar direkte vondskapsfulle motiv.

Og medan eg godt kan forstå at folk vert forbanna over høge straumprisar, ja, så er det -dette- eg siktar til når eg skriv at det er grunn til uro, for alt dette agget, all denne skitpraten, er også drive fram av det som er og blir ei skrøne, nemleg at straumprisane me har idag er noko eit EU-byrå kan skuldast for.

Det er mange gode grunnar til å diskutera kvifor ein slik politikarforakt oppstår, og kva som er bakgrunnen for mistillit uttrykt på dette viset. Det kan jamvel vera viktig å stilla slike spørsmål. Men der slik mistillit herjar, der følgjer konspirasjonsteoriane etter. Me har allereie sett eit snev av dei, i anklaga om at norske politikarar er ein mafia. Eg kunne for den del ha teke med den siste kommentaren i nemnde tråden, som berre inneheld to ord: "Agenda 2030".


Det kan sjølvsagt vera ein referanse til FN sine berekraftsmål. Men det er nærliggande å tru at det er ein referanse til dei ganske mange fantasifulle forteljingane som finst om FN sine berekraftsmål, både i amerikansk konspirasjonskultur og i eit norsk høgreradikalt bakland der nettopp desse to orda er eit slags skjellsord.

Og konspirasjonsteoriane følgjer sjølvsagt på. Eg legg ved nokre av dei anklagene om både konspirasjonar, korrupsjon og bedrageri som også herjar inne på den gruppa, og som eg også har sett i ganske mange andre kommentarfelt. Det trur eg for å vera ærleg at også Morten Harper har.

Men eg er altså frekk nok til påpeika at det er grunn til uro. I oktober vart Espen Barth Eide intervjua av E24 (3). Der sa han mellom anna at me treng å byggja ut meir kraft: – Vi skal bygge ut mer energi. Vann, sol og vind. I den rekkefølgen.

Det er mykje ved det ein kunne diskutert. Eg synest til dømes det er synd at klima- og miljøministeren i intervjuet ikkje understrekar viktigheita av straumsparing.

Han seier også: – Det er en konflikt mellom gode hensyn. Vi skal høste av naturen, og leve med den og av den, men vi må bli flinkere til å håndtere naturverdier og skjønne at det er en kostnad å forsyne seg av dem.

Det er viktig, og det set ein heil del avgrensingar for kor ein kan byggja ut både vasskraft og vindkraft, og for kor mykje ein kan byggja ut.

Idag vart denne artikkelen delt på "Stopp ACER"-gruppa. Her er eit knippe døme på reaksjonane:

"Hvor lenge skal vi høre på dette vaset om klimaendringer?"

"Helvetes idiot"

"Skummel han dær"

"Rimelig blåst idiot dette her!"

"Nei makan til idiot skal en leite lenge etter"

"Han der er helt hjelpesløs."

"Tullprat fra en foreder"

"Håper på orkan, kansje hele Stortinget kunne blåst til fornuft, han der burde de nå fortest kvitte seg med."

"Barth Eide burde sitte bak lås å slå.Har ingenting i politikken å gjøre."

"Muppets åndelige leder. En av dem som sitt på balkongen."

"Håpløst og trist..........Hvor dum er det mulig å bli?"

"Trudde ikke det var bare analfabeter på Stortinget men nå er det bevist. For dette med strømprisene er bare ett triks for å bygge vindmøller."

"Eller med og sette Løvebakken under administrasjon og stiller de for retten for svik mot sitt eget land og folk."

"Han er en klimafanatiker, og en fjott. Vi skal ikke ha mer vindkraft, vi skal reversere Acer."

"Jag denne Barthen på sjøen med et 50 kg lodd rundt beina."

"Slike folk bør bak lås og slå"

"Først 14 dager i gapestokk."

"B E er en globalist med FN ringen på jakka.

Han setter FN og EU foran Norge, ikke til å stole på det hele tatt."

"Kjøpt og betalt, er ikke mer å si om den saken"

"Dette er den farligste globalisten på løvebakken"

"Det er nok nå løgner Barth Eide. Ut fra VÅRT Storting snarest"

"Den fyren der kan ikke være norsk. Uansett totalt ubrukelig"

"Pill råtten fyr"

Det held fram slik. Lenge.

Eg tenkjer mange ting når eg les slik som dette. Litt av det handlar om folkeskikk. Litt av det handlar om vaksne folk som ikkje skjøner at internett er den verkelege verda. Litt av det handlar om farene ved dette.

Tre ting å seia om strømtiltakene: Øyvind Strømmen (MDG), fylkesvalgt politiker Vestland.

1. Det er bra at regjeringa no tek eit grep som faktisk vil vera til hjelp for mange i møte med høge straumprisar.

Her har Noreg vore ute i litt seinaste laget, sjølv om me som nasjon tener gode pengar på høge straumprisar (og på dei høge gassprisane som er mykje av drivkrafta for dei).

2. Ordninga inneber at hushaldningar får dekka halvparten av straumprisen ut over 70 kr / kWh, for eit forbruk på inntil 5000 kWh i månaden.

Det er bra at det ligg ei viss avgrensing der, men eg ville nok ynskt ei ordning som i større grad kom folk med låge inntekter til gode. Noko av det blir vegd opp av auke i bustøtte, men likevel: støtteordninga slik ho er utforma vil lett gje mest støtte til dei som har best økonomi og høgast straumforbruk.

3. Det trengs også meir langsiktige grep. Ein ting er at ein burde få utgreidd om det er mogleg å få innført eit toprissystem på straum, t.d. ved bruk av avgiftssystemet, slik at eit basisforbruk var billeg, og forbruk utanfor det dyrare. Ei anna sak at det må leggjast til rette for at flest mogleg skal kunna spara straum, utan at det går ut over livskvaliteten. Då trengst det andre støtteordningar enn de